RC gruppa i Fyresdal Motorsportsklubb driver med forskjellige aktivitetar som drifting, touring, crawling, lastebil, gravemaskiner. Vi har statig turar til andre klubbar for å helse på, og for å prøve andre banar. Klubben har totalt 5 utlåns bilar som medlemane kan bruke, eller for andre som vil prøve dette og kanskje skaffe seg sin egen bil. Klubben har god kompetanse på dei forskjellige klassene og vi har det godt i dette miljøet.

Vi har utøverar som har kjørt løp og med mange gode plasseringar, og kommet heim med pokal i handa. Eit år arrangerte vi NC løp i 1/8 off road med mange deltakerar frå egen klubb, og andre klubbar frå heile sør Norge.   

Crawling:

Kvar vår har vi crawler tur til ein plass som heiter Skori, der er det mange utfordringar på veg opp, og grilling av pølser på toppen. Dette er ein fin tur og vi brukar heile dagen. Vi har crawler bane ved flyplassen som er stadig under bygging med forskjellige utfordringar. Vi lagar også egne skala broer som vi setter ut på banen.  Banen består av både jord, stein, tre, stål, skuterbelte dekk osv.. Vi er også i gang med innendørs crawlerbane som vil bestå av tre, stein, skuterbelte og dekk, her blir det også laga ting i rett skal, som eks hengebroer.

Drifting/Touring:

Vi har innendørs drifting/touring bane som er 46 meter lang og snitt bredde på 130 cm. Her kjører vi med godkjent telleanlegg og utfordrar oss sjølve på å få bedre å bedre rundetider. Telleanlegget er godkjent for konkuranse bruk, og vi har mange gode utøverar på dette. Banen ligger på Veum rett ved fylkesveg nr 355 og er lett å finne for dei som vil ta turen innom for å sjå, eller køyre rc bil. Her er vi i gang med å bygge publikumsvennlige plassar, slik at folk kan komme å sjå, og kose seg med pølse og brus som er kjøpt i kiosken. Her har vi totalt 16 mekkeplassar og egne lade bord. Vi har faste køyredager som for tida er annankvar sundag i oddetals vekene.

Off road:

Vi har godkjent bane for 1/8 offroad som blir brukt om sommaren. Denne er plassert ved flyplassen og har mekkeplassar med tak over hode. Denne er målt til 267 meter lang og snitt bredde på 270 til 300 cm. Her er det stort sett grus, men vi har også ei bru som du kjøyrer både over og under. Vi har både store og små hopp som kan vere utfordrande og hoppe på.

😊

Hvis du er nysgjerrig på desse aktivitetane kan du ta kontakt med klubben for meir info og avtale tid for testing